Vinnar av kvinneklassen 2015, Eli Anne Dvergsdal, på veg mot toppen av Hafstadfjellet.

Vinnar av kvinneklassen 2015, Eli Anne Dvergsdal, på veg mot toppen.

Resultat 2015

Resultata frå det fjerde Bystien Førde Opp 29. august 2015 finn du her:
Offisiell resultatliste Førde Opp 2015 (PDF)

Lista er på ny oppdatert 1. september, der det som tidtakarsystemet har registrert som DNS (did not start) er fjerna. DNS kom dessverre automatisk fram på listene fordi tidtakarsystemet vårt kollapsa, og ikkje av nokon annan grunn. Vi veit at dei  aller, aller fleste som står på lista både starta og gjennomførte med stil, slik at DNS-etiketten i systemet var både urettvis og feil.Vi beklagar dette.  Det er ingen andre endringar på denne lista enn akkurat dette, men vi må slik stoda er framleis ta atterhald om feil.

Vinnarar:

Menn – konkurranseklasse:
Johan Bugge, Eidsvåg IL: tid: 25:06

Kvinner – konkurranseklasse:
Eli Anne Dvergsdal, Gular: tid: 31:16

Det var heile 1.697 deltakarar, og som arrangørar tykkjer vi dette er fantastisk! Trass i regn deler av dagen var det dermed berre 5 færre enn i rekordåret 2012, då det første løpet vart arrangert.

Takk!

Bystien Førde Opp 2015 takkar deltakarar, funksjonærar, sponsorar, samarbeidspartar, publikum, leverandørar, standhaldarar og alle andre for at de laga folkefest saman med oss. Sjå den imponerande lange lista:

Takkeannonse Førde Opp 2015

Takk også til 1.697 deltakarar – herav 631 elevar frå 10 skular for lidenskap, humør og sveitte!