Foto av deltakarar på Bystien Førde Opp 2017. Fotograf er Cecilie Brendehaug Rysjedal, Firda.

Stien opp på Hafstadfjellet er tilrettelagt slik at det skal vere lett å kome seg til topps, for både små og store. Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal, Firda.

Om Bystien Førde Opp

Førde Idrettslag inviterte i 2019 for åttande gong til  motbakkeløp i Førde. 1.213 sprekingar deltok med startnummer.

Bystien er ein særmerkt og viktig skulptur for Førde. Startar med 176 trappetrinn rett opp frå bysentrum, og endar på toppen av Hafstadfjellet 706 moh.

Om kvelden er den lyssett, og kan sjåast frå heile byen.

Saman med rådhuset, rådhusplassen, Langebrua og elva er den arena for eit storslått arrangement, Bystien Førde Opp.

Bystien Førde Opp er langt meir enn eit motbakkeløp. Frå scena spelar lokale og nasjonale artistar, der er kafe med god servering, og storskjerm med underhaldning og formidling av motbakkeløpet er viktige innslag i folkefesten.

Ungane pregar arrangementet. Gratis deltaking gjennom skuleprosjektet har blitt ein suksess, og i 2018 deltok rekordmange 760 ungar 1. til 10. klasse i grunnskulen.

Dei fleste som deltek motbakkeløpet i Bystien Førde Opp er i mosjonsklasse utan tid. Desse startar direkte frå sekretariatet ved rådhuset og ruslar i sitt eige tempo opp trappene og stien, så langt dei har lyst.

Deltakarar i konkurranseklasse og mosjonsklasse med tidtaking startar på festplassen i Førde, svingar inn og rundt skulpturen Laksen, fortset nedover grusgangen langs elva, over gangbrua ved banken, over Langebrua, gjennom Førde Rådhus og kryssar så E39, der Bystien startar. Denne flate delen av løypa er ca 1 km lang.

Ungar som deltek og spring i Førde Opp

Bystien startar direkte frå bysentrum med 176 trappetrinn. Deretter ein ca 1,5 meter brei grusgang som svingar seg oppover fjellsida. På toppen kjem stien inn på grusvegen dei siste ca 300 metrane til toppen av Hafstadfjellet, 706 meter over havet. Lengda av heile Bystitraséen er 2,8 km. For dei som deltek med tidtaking er det innleiingsvis ca 1 km flatt.

Bystien Førde Opp er løpet der alle kan delta utifrå eigne føresetnader, eller lyst. Du kan gå til toppen, eller ca midt opp, eller berre litt forbi trappene. Om det er det du kan eller vil, får du di deltakarmedalje der du kjenner det er nok.

Eller du kan delta i Bystien Førde Opp Flatt:

Bystien Førde Opp Flatt

Bystien Førde Opp Flatt er eit tilbod om ein aktivitet for dei som ikkje kan, eller vil gå trapper og fjell denne dagen.

Start/målsegl for Bystien Førde Opp Flatt mellom Pikant og Rådhuset. Påmelding på nett eller ved eige skilta bord i sekretariatet ved Rådhuset konkurransedagen. Pris kr.50.- Deltakarmedalje til alle.

Løypa går inn Hafstadvegen, over gangbrua ved Hafstad vgs, ut gjennom parken, over bankbrua, over Langebrua, og i mål der ein starta.

Har du ei lita i barnevogn? Er du rullestolbrukar? Eller er du ein bestefar som er vorten litt dårleg til beins. Gå Bystien Førde Opp Flatt, då vel.

Sju hundre høgdemeter! Motbakkeløpet Bystien Førde Opp startar på flata ved elva i sentrum, og går i svingar opp sti og trapper til sendarane på toppen, 706 m.o.h.

Meir info

  • Om Førde – info om byen, kommunen, overnattingstilbod, reise m.m.

Følg oss på Facebook og Twitter for å bli oppdatert.