Påmelding 2022

Velkomen til å melde deg på i sekretariatet mellom klokka 9 og 12 ved rådhuset på løpsdagen laurdag 27. august. Frist for påmelding på nett er ute.

Konkurranseklasse * kr 520

Mosjon MED tid * kr 420

* NB! Siste frist for påmelding for konkurranseklasse og mosjonsklasse med tid er i sekretariatet kl. 10.30 laurdag.

Mosjon UTAN tid (trimklasse) kr 150,-

Bystien Førde Opp Flatt kr 50,-

Born 1.-10. klasse kr 50,-
Skulane til alle born i 1. – 10. klasse i Sunnfjord kommune får tilbod om gratis deltaking. NB! Elevar ved dei skulane som har takka ja til tilbodet skal ikkje melde seg på via desse sidene. Deltakarkort til alle vert utdelt på dei skulane som vert med på ordninga.

Born 0-6 år gratis. Meld på barnet slik at det får startnr. og medalje.
Pris pr. føresette til barn som går gratis kr 150. (Inkluderer inntil to føresette for barn som går gratis)

Obligatorisk lisens kr 30/40 i ulike prisklassar er inkludert.

Sjå premiar og retningsliner under Vilkår 2022.

>> Klikk her og følg oss på Facebook for å sjå siste nytt, og å sjå resultatlistene etter kvart som dei er klare.


TAKK FOR AT DU BIDREG TIL ARRANGEMENTET VED Å HA STARTNUMMER

Vi oppmodar ALLE til å melde seg på og få startnummer. Når du går løypa med startnummer, så signaliserer du at du støttar drifta av store folkearrangement som Bystien Førde Opp. Avgifta går til Førde idrettslag, som arrangerer Bystien Førde Opp.

Bruk nummeret til å gå heilt opp, eit stykke opp, eller flatløypa rundt bruene. Med startnummer sponsar du nær 1.000 barn som deltek gratis. Du bidrar til at Bystien Førde Opp er eit godt arrangement. Då syter du for at grupper i Førde IL får gode dugnadskroner ut av arrangementet. Dei går til grupper i Førde IL og andre, samt til bygginga av Bystien og til investering i tidtakarsystem i lag med Førde IL Langrenn. Det er dessutan fine premiar på alle kjøpte startnummer.