Sindre kjenner på forventingane

Sindre Hoff førebur seg til Førde Opp med daglege fjellturar.

Sindre Hoff førebur seg til Førde Opp med daglege fjellturar.

Vår lokale motbakkeløpar, Sindre Hoff, førebur seg til Førde Opp 27. august med ei økt i fjellet kvar dag – og is!

­– Det er berre til å slenge seg med, oppfordrar Sindre, ein liten månad før løpet blir arrangert for femte gong.

For han er det ei sjølvfølge å delta.

– Ja, eit byløp i byen eg bur i berre eit steinkast frå leilegheita mi – sjølvsagt må eg det. Eg kunne ikkje ha vore meir på heimebane!

Og når ein spring på heimebane, aukar presset.

­– Eg merkar at folk har forventingar til at eg skal prestere. Det er både kjekt og litt spennande med eit slikt press langs løypa, og det hadde sjølvsagt vore kjekt å få stå øvst på premiepallen ved Pikant etterpå.

Tøff løype

For Sindre er ikkje Førde Opp den ideelle løypa, men ei god utfordring.

– Eg trivst best i slakt, men teknisk krevjande terreng, der eg kan halde høgt tempo. Bystien er det motsette: veldig bratt stigning på gruseveg, der farten aldri blir spesielt høg. Det beste med løypa må vere utsikta, smiler han.

Sjølv om løypa er tøff, meiner han det er plass til alle på deltakarlista.

­– Mange seier at dei kvir seg for å melde seg på, fordi dei er redde for at det blir hardt, eller at dei ikkje kjenner seg godt nok førebudde. Hugs at motbakkeløp er eit typisk breiddearrangement med plass til alle. Veldig få angrar på at dei deltok når dei står på toppen. Ein må yte for å nyte etterpå, og for meg handlar det om å tenke positivt og ikkje la dei negative tankane sleppe til undervegs i løypa.

Godt motivasjonsmål

Han meiner Førde Opp er fin treningsmotivasjon, og har lagt inn ei fjelløkt kvar dag i sommarmånadane.

– Du blir god på det du øver på, så enkelt er det, seier han og har først og fremst mål om å slå personlege rekordar.

Men veldig streng har han ikkje vore, og på spørsmål om han har har kutta isen i sommar for å vinne Førde Opp, er han klar:

­– Nei, ein av fordelane med å springe mykje i fjellet, er jo at ein kan ete så mykje is ein orkar, ler han og utfordrar deg som lurer på å delta:

– Meld deg på med ein gong, og bruk løpet som eit motivasjonsmål for treninga di. Grunnen til at eg deltek er at eg likar gleda ved å meistre fjellet og kjenne på at kroppen er sprek. Eg går nok under kategorien endorfin-junkie!

Vil du også bli endorfin-junkie? Få ein god start på treningshausten og meld deg på Førde Opp: