Vilkår for Førde Opp 2. september 2017

Alle påmelde, som er busette i Sogn og Fjordane, er med i trekninga om å vinne ein bil i eitt år.

Vi set stor pris på om du deler dei beste bileta dine frå moroa på Instagram: #førdeopp.

Deltakarpris pr. klasse ved påmelding på løpsdagen

Konkurranse kr 480*
Mosjon med tid kr 380*
Mosjon utan tidtaking kr 190*
Førde Opp Kort kr 100*
Førde Opp Flatt kr 50
Born 1.-10. klasse kr 100**
Born 0-6 år gratis. Meld på barnet slik at det får startnr. og medalje.

* I tillegg kjem obligatorisk lisens innført frå 2014. Sjå meir nedst på sida.

**Skulane til alle born i 1. – 10. klasse i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal får tilbod om gratis deltaking. NB! Elevar ved dei skulane som har takka ja til tilbodet skal ikkje melde seg på via desse sidene. Deltakarkort til alle vert utdelt på dei skulane som vert med på ordninga.

Siste frist for påmelding!

Det er råd å melde seg på i sekretariatet konkurransedagen, men siste frist for påmelding for konkurranseklasse og mosjonsklasse med tid er i sekretariatet kl. 10.30 laurdag. Siste frist for påmelding via nettsida var onsdag 30.08.2017, kl.23.59.

Konkurranseklasse

Beste mann totalt
Beste kvinne totalt

I tillegg konkurrerer ein i følgande klassar, etter alder og kjønn:
15-18, 19-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74, 75-79 og 80+

Ingen sekk i konkurranseklasse.
Tilbod om transport av ferdig pakka og merka klede til toppen, for dei som startar i konkurranseklasse, og mosjonsklasse med tidtaking. Leverast til bil i startområdet seinast 15 minutt før start.

Premiering

nr. 1 Herre, uansett klasse kr. 12.500
nr. 1 Dame, uansett klasse kr. 12.500
nr. 2 Herre, uansett klasse kr. 5.000
nr. 2 Dame, uansett klasse kr. 5.000
nr. 3 Herre, uansett klasse kr. 2.500
nr. 3 Dame, uansett klasse kr. 2.500

Beste mann total sett som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Beste kvinne totalt sett, som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje til alle.

Premie for ny løyperekord kr.10.000.- både i herre og dameklasse.
Noverande løyperekordar, notert første gong i 2015:
Menn: Johan Bugge, Eidsvåg IL: tid: 25:06
Kvinner: Eli Anne Dvergsdal, Gular: tid: 31:16

NB!

For å ha rett til sin premie må alle som vinn vere til stades på premieutdelinga.

Mosjonsklasse med tid

Gutar / Jenter 15-22 år
Menn / kvinner 23 år og eldre
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje til alle.

Mosjonsklasse utan tid

Deltakarmedalje til alle. Her vert flotte premiar trekt på startnummer.

Førde Opp Flatt

Førde Opp Flatt er eit tilbod om ein aktivitet for dei som ikkje kan, eller ikkje vil, gå trapper og fjell denne dagen. Start/målsegl for Førde Opp Flatt er mellom Pikant og Rådhuset.

Løypa går inn Hafstadvegen, over gangbrua ved Hafstad vidaregåande skule, ut gjennom parken, over bankbrua, over Langebrua, og i mål der ein starta.

Førde Opp Kort

For 13 og 14 åringar (fødd 2004 og 2003) vert det konkurranse med tidtaking frå ca. midtvegs i traseen og til toppen.

Skuleklassar

Som i fjor kjem det invitasjon til skulane i Indre Sunnfjord om gratis deltaking for elevar i 1. – 10. klasse. Her vert det premiert i dei tre klassane som stiller med prosentvis flest deltakarar.
For elevar som deltek i Førde Opp Kort vert dei også talt med i skulekonkurransen.

1. premie kr 3.000.-
2. premie kr 2.000.-
3. premie kr 1.000.-

Lisens

Friidrettstinget i 2013 vedtok å innføre friidrettslisens for alle friidrettsarrangement i regi av lag tilknytta Norges Friidrettsforbund.
Alle deltakarar i konkurranse- og mosjonsklassane må ha lisens.
(Deltakarar frå skulane med deltakarkort som gjev gratis deltaking treng ikkje lisens)

For Førde Opp betyr det at vi har lagt på kr 30 (løp utan tid) og kr 40 (løp med tid) som skal dekke eingongslisens. For Førde Opp Kort er lisensen kr 20. Sjå også friidrett.no/mosjon/lisens/ for meir informasjon om ordninga og har du spørsmål send mail til: lisens@friidrett.no.

For utøvarar som har heilårslisens, og som ynskjer å få refundert eingongslisensen er det utvikla ei elektronisk løysing for dette.

Utanom sjølve løpet vil det bli mange aktivitetar for store og små den 2. september 2017.