Barn som sitter på toppen av Hafstadkleiva og ser utover Førde nedenfor

Stien opp på Hafstadfjellet er tilrettelagt slik at det skal vere lett å kome seg til topps, for både små og store.

Om Førde Opp

Førde Idrettslag inviterte i 2017 for sjette gong til  motbakkeløp i Førde. 1.504 sprekingar deltok.

Dei fleste som deltek i Førde Opp er i mosjonsklasse utan tid. Desse startar direkte frå sekretariatet ved rådhuset og ruslar i sitt eige tempo opp trappene og stien, så langt dei har lyst.

Deltakarar i konkurranseklasse, mosjonsklasse og stafett med tidtaking startar på festplassen i Førde, svingar inn og rundt skulpturen Laksen, fortset nedover grusgangen langs elva, over gangbrua ved banken, over Langebrua, gjennom Førde Rådhus og kryssar så E39, der Bystien startar. Denne flate delen av løypa er ca 1 km lang.

Ungar som deltek og spring i Førde Opp

Bystien startar direkte frå bysentrum med ca 180 trappetrinn. Deretter ein ca 1,5 meter brei grusgang som svingar seg oppover fjellsida. På toppen kjem stien inn på grusvegen dei siste ca 300 metrane til toppen av Hafstadfjellet, 706 meter over havet. Lengda av heile Bystitraséen er 2,8 km. For dei som deltek med tidtaking er det innleiingsvis ca 1 km flatt.

Førde Opp er løpet der alle kan delta utifrå eigne føresetnader, eller lyst. Du kan gå til toppen, eller ca midt opp, eller berre litt forbi trappene. Om det er det du kan eller vil, får du di deltakarmedalje der du kjenner det er nok.

Eller du kan delta i Førde Opp Flatt:

Førde Opp Flatt

Førde Opp Flatt er eit tilbod om ein aktivitet for dei som ikkje kan, eller vil gå trapper og fjell denne dagen.

Start/målsegl for Førde Opp Flatt mellom Pikant og Rådhuset. Påmelding på nett eller ved eige skilta bord i sekretariatet ved Rådhuset konkurransedagen. Pris kr.50.- Deltakarmedaljer til alle. Ein er også med i trekningar på dei premiane som er til uttrekning, herunder bilen frå Berge og Co.

Løypa går inn Hafstadvegen, over gangbrua ved Hafstad vgs, ut gjennom parken, over bankbrua, over Langebrua, og i mål der ein starta.

Har du ein liten i barnevogn? Er du rullestolbrukar? Eller er du ein bestefar som er vorten litt dårleg til beins. Gå Førde Opp Flatt, då vel.

Sju hundre høgdemeter! Motbakkeløpet Førde Opp startar på flata ved elva i sentrum, og går i svingar opp sti og trapper til sendarane på toppen, 706 m.o.h.

Meir info

Følg oss på Facebook og Twitter for å bli oppdatert.