Vilkår for Bystien Førde Opp 1. september 2018

I tillegg til pengepremiane til klassedeltakarane er alle påmelde, som er busette i Sogn og Fjordane, er med i trekninga om å vinne ein bil i eitt år frå Berge & Co.

Vi set stor pris på om du deler dei beste bileta dine frå moroa på Instagram: #bystienførdeopp.

I tillegg til desse vilkåra gjeld vår personvernerklæring når du melder deg på via desse nettsidene.

Deltakarpris pr. klasse

Obligatorisk lisens kr 30/40 i ulike prisklassar er inkludert. (Pris på løpsdagen i parentes) *

Konkurranse kr 420 (kr 520)
Mosjon med tid kr 320 (kr 420)
Mosjon utan tidtaking kr 220
Bystien Førde Opp Kort kr 130
Bystien Førde Opp Flatt kr 50
Born 1.-10. klasse kr 50 **
Born 0-6 år gratis. Meld på barnet slik at det får startnr. og medalje.
Pr. føresette til barn som går gratis kr 150.
(Inkluderer inntil to føresette for barn som går gratis)

* Sjå meir om den inkluderte obligatorisk lisensen. Sjå meir nedst på sida.
**Skulane til alle born i 1. – 10. klasse i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal får tilbod om gratis deltaking. NB! Elevar ved dei skulane som har takka ja til tilbodet skal ikkje melde seg på via desse sidene. Deltakarkort til alle vert utdelt på dei skulane som vert med på ordninga.

Siste frist for påmelding!


Det er råd å melde seg på i sekretariatet konkurransedagen, men siste frist for påmelding for konkurranseklasse og mosjonsklasse med tid er i sekretariatet kl. 10.30 laurdag. NB! Prisen for konkurranseklassane aukar med kr 100 ved påmelding på konkurransedagen. Siste frist for påmelding via nettsida er onsdag 29.08.2018, kl.23.59.

Konkurranseklasse

Beste mann totalt
Beste kvinne totalt

I tillegg konkurrerer ein i følgande klassar, etter alder og kjønn:
15-18, 19-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74, 75-79 og 80+

Ingen sekk i konkurranseklasse.
Tilbod om transport av ferdig pakka og merka klede til toppen, for dei som startar i konkurranseklasse, og mosjonsklasse med tidtaking. Leverast til bil i startområdet seinast 15 minutt før start.

Premiering

nr. 1 Herre, uansett klasse kr. 10.000
nr. 1 Dame, uansett klasse kr. 10.000
nr. 2 Herre, uansett klasse kr. 5.000
nr. 2 Dame, uansett klasse kr. 5.000
nr. 3 Herre, uansett klasse kr. 2.500
nr. 3 Dame, uansett klasse kr. 2.500

Beste mann, total sett, som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Beste kvinne, totalt sett, som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle.

Premie for ny løyperekord kr.10.000.- både i herre og dameklasse.
Noverande løyperekordar, notert første gong i 2015:
Menn: Johan Bugge, Eidsvåg IL: tid: 25:06
Kvinner: Eli Anne Dvergsdal, Gular: tid: 31:16

NB!

For å ha rett til sin premie må alle som vinn vere til stades på premieutdelinga.

Vinn denne bilen i eitt år!

Bilpremien frå Berge og Co til dei tre løpa Skåla Opp, Balestrand og Førde Opp vart første gong satt opp i 2016. Ny vinnar skal kårast i 2018.

Ved å delta i eitt eller fleire av dei tre løpa La Sportiva Skåla 1848 meter rett opp, Balestrand Opp, eller Førde Opp kan du vinne fri leasing av denne bilen i nesten eitt år.

Deltek du i eitt av løpa får du eitt «lodd» i potten, deltek du i to av løpa får du to «lodd», og alle tre så har du ein tredobbel sjanse. Alle deltakarar er med i trekning, med eitt unntak, du må vere busett i Sogn og Fjordane. Dette er av praktiske årsaker sidan Berge og Co er tilstades mange plassar her i fylket, men ikkje utanfor.

Du må dekke drivstoff sjølv, og skade utover normal slitasje. Km grensa er 15.000.
Eigenandel ved skade er 4.000.

Mosjonsklasse med tid

Gutar / Jenter 15-22 år
Menn / kvinner 23 år og eldre
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle.

Mosjonsklasse utan tid

Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle. Her vert flotte premiar trekt på startnummer.

Bystien Førde Opp Flatt

Bystien Førde Opp Flatt er eit tilbod om ein aktivitet for dei som ikkje kan, eller ikkje vil, gå trapper og fjell denne dagen. Start/målsegl for Bystien Førde Opp Flatt er mellom Pikant og Rådhuset.

Løypa går inn Hafstadvegen, over gangbrua ved Hafstad vidaregåande skule, ut gjennom parken, over bankbrua, over Langebrua, og i mål der ein starta.

Bystien Førde Opp Kort

For 13 og 14 åringar (fødd 2005 og 2004) vert det konkurranse med tidtaking frå ca. midtvegs i traseen og til toppen. Skilta ved start.

Skuleklassar

Som i fjor kjem det invitasjon til skulane i Indre Sunnfjord om gratis deltaking for elevar i 1. – 10. klasse. Her vert det premiert i dei tre klassane som stiller med prosentvis flest deltakarar.
For elevar som deltek i Bystien Førde Opp Kort vert dei også talt med i skulekonkurransen.

1. premie kr 3.000.-
2. premie kr 2.000.-
3. premie kr 1.000.-
4. premie kr 750.-
5. premie kr 500.-

Lisens

Obligatorisk lisens til Norges Friidrettsforbund er inkludert i prisane for deltaking øvst. Les meir om lisensen hos Norsk Friidrett.

Utanom sjølve løpet vil det bli mange aktivitetar for store og små den 1. september 2018.