Vilkår for Bystien Førde Opp 27. august 2022

Vi set stor pris på om du deler dei beste bileta dine frå moroa på Instagram: #bystienførdeopp.

I tillegg til desse vilkåra gjeld vår personvernerklæring når du melder deg på via desse nettsidene.

Deltakarpris pr. klasse

Obligatorisk lisens kr 30/40 i ulike prisklassar er inkludert. (Pris på løpsdagen i parentes) 

  • Konkurranse opp Bystien kr 420 (kr 520)
  • Mosjon med tid opp Bystien kr 320 (kr 420)
  • Mosjon utan tidtaking opp Bystien kr 150
  • Bystien Førde Opp Flatt kr 50
  • Born 1.-10. klasse kr 50
    • Skulane til alle born i 1. – 10. klasse i Sunnfjord kommune får tilbod om gratis deltaking. NB! Elevar ved dei skulane som har takka ja til tilbodet skal ikkje melde seg på via desse sidene. Deltakarkort til alle vert utdelt på dei skulane som vert med på ordninga.
  • Born 0-6 år gratis. Meld på barnet slik at det får startnr. og medalje.
    • Pris pr. føresette til barn som går gratis kr 150. (Inkluderer inntil to føresette for barn som går gratis)
Siste frist for påmelding!


Det er råd å melde seg på i sekretariatet konkurransedagen, men siste frist for påmelding for konkurranseklasse og mosjonsklasse med tid er i sekretariatet kl. 10.30 laurdag. NB! Prisen for konkurranseklassane aukar med kr 100 ved påmelding på konkurransedagen. Siste frist for påmelding via nettsida er onsdag 24.08.2022, kl.23.59.

Konkurranseklasse

Beste mann totalt
Beste kvinne totalt

I tillegg konkurrerer ein i følgande klassar, etter alder og kjønn:
15-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74, 75-79 og 80+

Det vert tilbod om transport av ferdig pakka og merka klede til toppen, for dei som startar i alle konkurranseklassar, og mosjonsklasse med tidtaking. Leverast til bil i startområdet seinast 15 minutt før start.

Premiering

nr. 1 Herre, uansett klasse kr. 10.000
nr. 1 Dame, uansett klasse kr. 10.000
nr. 2 Herre, uansett klasse kr. 5.000
nr. 2 Dame, uansett klasse kr. 5.000
nr. 3 Herre, uansett klasse kr. 2.500
nr. 3 Dame, uansett klasse kr. 2.500

Beste mann, total sett, som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Beste kvinne, totalt sett, som representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane kr.2.500.-
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle.

Premie for ny løyperekord kr.10.000.- både i herre og dameklasse.
Noverande løyperekordar, notert første gong i 2015:
Menn: Johan Bugge, Eidsvåg IL: tid: 25:06
Kvinner: Annie Bergshagel tid: 30:18

NB!

For å ha rett til sin premie må alle som vinn vere til stades på premieutdelinga.

Mosjonsklasse med tid

Gutar / Jenter 15-22 år
Menn / kvinner 23 år og eldre
Gåvepremiar til alle klassevinnarar levert av Sport1 Førde. Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle.

Løypa går frå sentrum opp Bystien.

Mosjonsklasse utan tid

Deltakarmedalje og/eller deltakargåve til alle.

Bystien Førde Opp Flatt

Bystien Førde Opp Flatt er eit tilbod om ein aktivitet for dei som ikkje kan, eller ikkje vil, gå trapper og fjell denne dagen. Start/målsegl for Bystien Førde Opp Flatt er mellom Pikant og Rådhuset.

Løypa går inn Hafstadvegen, over gangbrua ved Hafstad vidaregåande skule, ut gjennom parken, over bankbrua, over Langebrua, og i mål der ein starta.

Lisens

Obligatorisk lisens til Norges Friidrettsforbund er inkludert i prisane for deltaking øvst. Les meir om lisensen hos Norsk Friidrett.

Utanom sjølve løpet vil det bli mange aktivitetar for store og små på løpsdagen.